Alle mann hadde fota, min mann hadde ingen,
tok eg meg bjørkerota og gjorde min mann fota.
Min mann dansa fram,
fot i hose hadde han
likso vel som ein annan mann.
Alle mann hadde fota.
Alle mann hadde arma’,min mann hadde ingen,
tok eg meg eit par tarma’, og gjorde min mann arma’.
Min mann dansa fram,
tarme-arma’ hadde han
likso vel som ein annan mann.
Alle mann hadde arma’.
Alle mann hadde aua, min mann hadde ingen,
tok eg meg eit par saua’, og gjorde min mann aua.
Min mann dansa fram,
saue-aua hadde han
likso vel som ein annan mann.
Alle mann hadde aua.
Alle mann hadde huggu, min man hadde ingen.
So tok eg meg eit par fluggu, og gjorde min mann huggu.
Min mann dansa fram
flugguhuggu hadde han
likso vel som ein annan mann.
Alle mann hadde huggu.
Bind deg ein blomekrans,
kom så til leik og dans,
fela ho læt no så vakkert i lund.
Sit ikkje stur og tung,
syn at du òg er ung,
veks fri som fagre lyng,
dans no og syng.
Blåmann, Blåmann, bukken min!
Tænk på vesle guten din!
Bjørnen med sin lodne feld
kann deg taka seint i kveld.
Gamle Lykle, moder di,
seint kom heim med bjølla si.
So ikring seg ho mund’ sjå,
liksom der var fåre på.
Det såg ut, som der var naud,
kanskje no du ligger daud.
Tidt du dansad kringum meg:
mangt eg rødde då med deg.
Når eg låg som blind og dauv,
grov du på meg med di klauv.
Ja, du vilde vekkja meg
upp til leiken din med deg.
Du var spræk og glad og god,
all min ros du vel forstod.
Tidt du veit eg sa’ til deg:
«han veit meir enn mata seg.»
Blåmann, Blåmann, svar meg no!
Mækra med ditt kjende ljod!
Ikkje enno, Blåmann min,
må du døy frå guten din.
Dei gamle fjell i syningom
er alltid eins å sjå,
med same gamle bryningom
og same toppom på.
I bygdom byggja sveinarne,
og huset stender laust;
men dei gamle merkesteinarne
dei standa like traust.
På fjellom er det leikande
å ganga til og frå
og kring um toppen reikande
so vidt um land å sjå:
til havet kring um strenderna
med skip som fuglar små,
og til fjelli kring um grenderna
med tusund bakkar blå.
Det er so mange hendingar
i bygdom komne til;
me sjå so mange vendingar
alt på eit litet bil.
Dei hava snutt um vollarne
og flutt og rudt og bygt;
men dei gode gamle kollarne
dei standa like trygt.
So stod dei gjenom tiderna,
vel mange tusund år;
og graset voks um liderna,
og lauvet kom kvar vår;
og vinden tok um topparne
og vatnet tok um fot;
men dei gilde gamle kropparne
dei toko traust i mot.
Av hav kom sjomann sigande
og lengtad’ etter land,
då såg han fjelli stigande
og kjendest ved si strand.
Då kom det mod i gutarne,
som såg sin fødestad.
Ja dei gode gamle nutarne
dei gjera hugen glad.
Den fyrste song eg høyra fekk,
var mor sin song ved vogga,
dei mjuke ord til hjarta gjekk,
dei kunne gråten stogga.
Dei sulla meg så underleg,
så stilt og mjukt te sova,
dei synte meg ein fager veg
opp frå vår vesle stova.
Den vegen ser eg enno tidt
når eg fær auga kvila;
der stend ein engel, smiler blidt,
som berre ei kann smila.
Og når eg sliten trøytnar av
i strid mot alt som veilar,
eg høyrer stilt frå mor si grav
den song som allting heilar
Det står ein friar uti gar’e, mor lilla. Hau hau.
Kor mange pengar haver han,
du mi dotter Dalia?
Tohundre riksdalar,
seier han at han har.
Sei han nei, vis han vei,
du mi dotter Dalia.
Det står ein friar uti gar’e, mor lilla. Hau hau.
Kor mange pengar haver han,
du mi dotter Dalia?
Trehundre riksdalar,
seier han at han har.
Sei han nei, vis han vei,
du mi dotter Dalia.
Det står ein friar uti gar’e, mor lilla. Hau hau.
Kor mange pengar haver han,
du mi dotter Dalia?
Firehundre riksdalar,
seier han at han har.
Sei han nei, vis han vei,
du mi dotter Dalia.
Det står ein friar uti gar’e, mor lilla. Hau hau.
Kor mange pengar haver han,
du mi dotter Dalia?
Femhundre riksdalar,
seier han at han har.
Lat opp døra, slepp han inn,
du mi dotter Dalia.
Flaumen går, i Norig er vår,
bjørka sprett i dalom.
Dølakar traust og hard
rydjer fedragard.
Sjå kor det losnar i alle lidom,
skrida fer etter bergesidom.
Flaumen går, i Norig er vår,
og dølan er det som rår.
Frå fjellet rinn ein bekk so linn
millom stuv og steinar.
Av bekkjer små det vert ei å,
fagrast du skal sjå.
Høyr kor det i vatnet susar,
høyr kor det i fossen brusar!
Flaumen går, i Norig er vår,
og dølan er det som rår.
Lita å, kann du forstå
kor ho fekk sitt mæle?
Bekk som rann, er vaksin mann.
Stans han um du kann.
Ingen mann kann straumen vende.
Tømmer og hus det set han på ende.
Flaumen går, i Norig er vår,
og dølan er det som rår.
Bykar stram, på gata går fram,
trur han skal oss lære.
Men ikkje eg fær støkk av deg,
sjølv eg rår min veg.
Bøndan’ er ikkje lenger mjuke,
husbondsretten, han vil me bruke.
Retten er vår, skulda er dår,
å lyde Norigs kår.
Um seint me kjem, so er det med klem.
Me vil garden rydja.
Bondemål, kvast som stål,
gjev ikkje lenger tol.
Norsk mål vil me i Norig hava,
ikkje lenger med dansken kava.
Bondemål, kvast som stål,
gjev ikkje lenger tol.
Blankt som gull, og mjukt som ull,
er det norske målet.
Som sol på fjell, som blometjeld,
som fuglesong um kveld.
Tusund års rot det hev i landet,
tusund år til so skal det stande.
Flaumen går, i Norig er vår,
og dølan’ er det som rår.
Sumar-sol skin på jord,
so jonsokblomen laver!
Læt frå koll lur yver voll,
og dølan’ slær på skjold.
Av skal ho hivast, lurve-hetta!
Gullhjelm lyser i morgon-gletta.
Lær frå koll lur yver voll,
og dølan’ slær på skjold.
Haralds verk fjellbonde sterk
gjer no andre gongen.
Gamalt grjot av kjemperot
endå hev manndom og mot.
Kome alle, ver med på ferda,
so skal det spyrjast i vide verda,
at Norigs mann gjekk på og vann
atter sitt eige land!
Eg heiter Anne Knutsdotter,
Kari er mi mor,
og Truls han er min bror.
Me bur uppå ein plass,
der som ingen skulle tru
at nokon kunde bu.
Og plassen heiter
Uren, Luren, Himmelturen,
Steinrøys, Steinrøys, Sveltihel.
Ja, plassen ligg so høgt,
høgt uppe i ei urd
tett under bergemur.
Og det er just so vidt
at me der på simpel vis
kann fø’ tvo kyr og ein gris.
Og kyrne heiter
Dagros, Fagros, gamle Fagros.
Grisen heiter Giss, Giss, Giss!
Og heile dalen ser me
der uppe hjå oss godt;
men all ting er so smått.
For folki dei er slett
ikkje større enn som so
når dei der nede gå.
Og plassen heiter
Uren, Luren, Himmelturen,
Steinrøys, Steinrøys, Sveltihel.
Um sumar’n er det moro
å gå og sanka bær
i munn og neverkopp.
På stovetaket veks det
tvo unge heggje-kjerr,
som geiti eter upp.
Og geiti heiter
Snygga, Stygga, Lurverygga!
Høna heiter Tipp, Tipp, Tipp!
Men vettetidi fell’e
oss jamt so lang og aud,
når snjoen ligg i haug;
då kann det ofte yver
dei fjortan dagar gå,
som me ikkje folk fær sjå.
Og plassen heiter
Uren, Luren, Himmelturen,
Steinrøys, Steinrøys, Sveltihel.
Og far min han er kramkar
og strevar idigt nok
og fer so vidt umkring,
og mor ho steller huset,
eg spinner på min rokk,
og Truls gjer ingen ting.
Og plassen heiter
Uren, Luren, Himmelturen,
Steinrøys, Steinrøys, Sveltihel.
Eg veit ei liti gjenta,
ja eg kjenner ’a so vel,
eg veit ei liti gjenta
nord i skogen,
med raude kinner, augo blå,
med fine hender, føter små:
eg veit ei liti gjenta
nord i skogen
Med blomstertjørni
langt til skogs,
So langt, so langt til skogs
Der talatrosten synge
so um kvelden,
på sætervolden stod,
ei væne gjenta glad og lo,
for straks austan tjørni,
der gjekk losen.
Og raud og rund gjekk soli
attum åsen ned i vest,
so myrkt, ja so myrkt
det vart i skogen.
På sætervollen gav
ei væne gjenta burt sitt ja;
eg hev ein liten kjærast
nord i skogen.
Eg vil so gjerne syngja og veit meg ingjen song;
Kvar stubben som eg veit, hev eg sungjed.
På fusk og fillevisor var sakte ingjen trong;
av slike ting da ha’ mid ein dungje.
Men mangt so lyt ein nytta, når inkje betre finst,
då lyt ein ofto taka dan ting, ein vyrde minst.
Slik hender både kjeisar og kungje.
Og sume dei digtar um skog og mark og fjell;
so væl veit dei alting te laga.
Men her i landed er da so mødeleg eit stell;
d’er lited, som hugen kann draga.
Her sumaren er liten, og vinteren er lang,
og kroppen er so frosen og magjen er so svang.
Da høyrer du no alle tider klaga.
Og sume dei digtar um elskhugjen mest,
um blomstrande kinner og kjakar.
Ja, kunde da no vara, so var da væl best.
D’er snildt te sjå tvo elskande makar.
Men kjærleikjen minkjer, og møda ho veks;
dan smilande vækjo vert ei rukkutter heks.
So dan ting heve òg sine hakar.
Og sume dei digtar um friheiti snildt:
at alle mann er like, dei meinar.
Men endå er eg rædd, um d’er aldri so gildt,
da skiler seg då herrar og sveinar.
Dan mann, som heve magti fær friheiti nog,
men fær du liti magt, fær du liti friheit òg.
Eg kvider mot te segja, kva eg meinar.
So er da noko’ åfått med alle desse ting,
og vistnog er da so med dei fleste.
Ver bøgder med luten din, um han er no ring,
og tenkt deg, at ditt er da beste.
Og når du drikker vatned, so tenk at da er vin,
og når du slagtar kalven, so tenk at d’er svin.
D’er tankjen, som gjerer da meste.
Eg heiter Håvard Hedde og er so ven ein kar.
No vil eg burt og gifta meg og rydja meg ein gard.
Omkv.:
Eg bur opp under fjell,
og gjenta hev eg lova, eg svik ho ikkje hell.
Eg heiter Håvard Hedde og bur uppunder nut;
no vil eg burt og gifta meg, eg vil `kje ganga gut.
Omkv.:
Garden han er liten, men skogen han er god.
Der heve eg to furor, og dei skal stå i ro.
Omkv.:
Når borni dei vert mange og skuldi aukar på.
So høgg eg ned den eine, den andre ho lyt stå.
Omkv.:
Men når me verte gamle og kvar skal hava sitt.
So høgg eg ned den andre og då er skogen kvitt.
Omkv.:
Det var no ikkje undrands, at Håvard totte vondt.
Han reiste i frå Lanjei, den myrke haustenott.
Omkv.:
Han reiste i frå Lanjei, og då var gjenta fest,
men det var med ein annan, det hev han trega mest.
Eg budd’ oppunder fjell
Og gjenta hadd’ eg lova – ho sveik meg likevel.
Hanen stend på stabburshella,
bonden gjeve honom konn.
Rakkin skvakkar i bergje nord,
og hjuringen blæs i honn.
Helgetlagan bielloskálla
čoarveskilla guolgaborga
Čahppis ledje duoddarat
ja gáržžit ledje eatnamat
Her er det land som hugar meg best,
og hit hev eg lengtat lenge:
her var det stødt som hugen var fest
og gjekk i sitt gamle gjenge.
Vida hev eg flutt og faret ikring,
aldri såg eg slike hyggjelege ting.
Ja, mykje hev eg sét og meir hev’ eg frett,
men her hev’ eg sét det beste.
Her er vel jordi hugleg å sjå
og yndeleg til alle tider,
helst når ho heve sumarsploggi på
og blømer til dei øvste lider.
Aldri eg vild’ eg bytt i nokon-handa skatt
denne vår sæle sumarljose natt,
då jordi ligg i skrud og søv som ei brud,
og dagen vaker trutt um landet.
Her heve alt ein vænare lit,
han gjerer meg so godt i hjartat:
her er det rett som alt hadde vit
og kunde både læ’ og garta.
Folket og eg er like som eitt;
alt kvat dei segja skynar eg so greidt:
aldri er der ord på all den vide jord,
som ganga meg so til hjartat.
Her kann eg kjenna bygder og bol
og berg i so ymse rader:
Fjøra og fjell og himmel og sol
er tekkar’ enn andre stader.
Sårt hev’ eg saknat heimen ei tid:
difyr’ er han no so kjær og so blid.
Lat koma kvat, som kann, eg møter som ein mann,
og aldri fer eg ut or landet.
Hurra for deg som fyller ditt år!
Ja, deg ynskjer me til lukka!
Alle i ringen kring deg me står
Og djupt for for deg vil me bukka,
Ganga so og nigja, snu oss ikring
Dansa for deg med hopp og so med sving,
Ynskja deg av hjarta alle gode ting,
Ja, ynskja deg den største lukka
(Smelt på tjukka!)
Han Simon i Støa og katten
var mette av alder og år
og båe var redde for vatten,
og båe var mest utan hår.
Og alt medan åra tok ende
so tenkte vel kallen med seg,
at her var det tryggast, kan hende,
å fyrst sende katten i veg.
Han prøvde med mange slags greier,
frå oljen i pipa til kniv,
men etter som røynde folk seier
har katten fleirfoldige liv.
Han gjorde sitt yttarste, kallen,
på det å bli katten sin kvitt,
til dess han fekk sette seg i skallen
å prøve med blank dynamitt.
Han kjøpte patrona på bua
med lunte av likaste sort,
og rusla so heim i den trua
at no var det endeleg gjort.
So henta han katten i hagen
og surra med skjelvande hand
patrona på plass onder magen
med tridubbelt snøsokkeband.
Han sprang i det samme han tende
og skolv endå lunta var lang,
men rekna’kje med kva som hende
då katten fekk sjå kor han sprang.
For best som han redd rende frå han
som kua i stivbeint galopp,
var katten i hælane på han
og dansa med lystige hopp.
Og kallen vart meir og meir fælen
di meir han såg katten vart kåt,
og katten vart meir og meir kjælen,
di løgnare kallen fór åt.
Han sprang som ein ungdom på atten
og skamtrakka vokstarlig gras,
so ingen kan undrast at katten
fann ut det var mykje til stas.
Og kallen låg flat etter reina,
han held seg for bringa og bles,
med katten på sprang millom beina
og lunta i rykande fres.
Og lunta vart kortar’ og kortar’
– han kjende det meir enn han såg,
og kallen sprang fortar’ og fortar’
med kurs for ei løe der låg.
Og det var han Simon i Støa,
tilårskommen, hjulbeint og rund,
han kappsprang med døden mot løa
og slo han med knapt eit sekund.
For midt under hardaste taket
smatt Simon fortumla i ly,
og nett i det samme kom braket,
so moldspruten sto som ei sky.
Og døra og litt ut av veggen
dreiv saman med dunder og brak,
og sumt fauk i låra og leggen,
men verst vart han skamfaren bak.
Og doktor vart bodsend og presten,
og kallen vart plåstra og smurd
so pass han stod oppatt på resten,
men katten vart aldri meir spurd.
Mannen gjekk seg i veaskog,
hei, fara, i veaskog.
Då sat det ei kråka i lunden og gol!
Hei - fara, faltu riltu raltu ra.
Mannen han tenkte med sjølve seg,
hei fara med sjølve seg:
Skal tru om den kråka vil drepa meg?
Hei - fara! Faltu, riltu, raltu ra!
Og mannen han snudde om hesten sin;
so køyrde han heim att til garden igjen.
“Å, høyr du, min mann, kva eg spøre deg:
kor vart det av veden du køyrde til meg?”
“Eg køyrer no slett ingen ved til deg,
for kråka ho svor ho sku drepa meg”
“Å, no har eg aldri høyrt større skam!
har du høyrt at ei kråka kan drepa ein mann?”
Men kråka kom etter på taket og gol,
og mannen han opp gjennom ljoren for.
Og mannen han spente sin boge for kne:
so skaut han den kråka so ho datt ned.
So spende han føre dei folane ti,
men kråka ho sprengde dei alle ti.
So spende han føre dei folane tolv,
so lagde han kråka på låvegolv.
So flådde han kråka og lema ho sund:
ho vog innpå sekstan og tjuge pund.
Av skinnet so gjorde han tolv par sko;
det beste paret det ga han til mor.
Og kjøtet han salta i tunner og fat,
og tunga han hadde til jolemat
Av tarmane gjorde han tolv par reip,
og klørne han brukte til møkagreip.
Og nebben det brukte han te’ kyrkjebåt,
som folk kunne sigla på frå og åt.
Og munnen han brukte te’ mala korn,
og øyro han brukte til tutarhorn.
Av augo so gjorde han stoveglas,
og nakken han sette på kyrkja til stas.
Og den som ‘kje kråka kan nytta so,
han er ikkje verd ei kråka å få.
Min tanke er fri,
kven trur du kan få han?
Han skundar forbi,
før nokon kan nå han,
for ingen kan sjå han
og ingen kan slå han,
så kor dei tek i,
min tanke er fri!
Eg tenkjer det eg vil,
vil drøyma og prøva,
men tagal og still,
slik allting vil høva,
mitt ynskje, mitt minne
sit altfor djupt inne,
så kor dei tek i,
min tanke er fri!
Og sperrar dei meg inn
i myrkaste fengslet,
just ingenting dei vinn
med låset og stengslet,
for hugs, mine tankar
dei bryt alle skrankar
og murar, når du tek ,
min tanke er fri.
Og difor til sist,
slå sorgene frå deg!
Lat aldri for visst
små suter få rå deg,
for du kan i sjela
ve’ glad som ei fela
og syngja til kvar ei ti’:
min tanke er fri!
Mot i bringa, vit i panna,
stål i bein og armar
ryggen rak og synet fritt,
sjå det er bra!
Tola slit og frost og væte,
tola at det varmar,
slike gjenter/gutar
det vil gamle Noreg ha.
Haldt no takta der,
inga våsing her!
Lat dei sjå vi er av rette slag.
Berre leik, ja, men av den
skal framtidsstyrke veksa,
difor er det alvor
i vår leik i dag.
I det verste stup som finst
oppi den høgste lia,
gjenta set utover på dei håle ski.
Guten etter, du skal tru
han heller er’kje kvida,
gjenta tek han att,
og det på stutte tid.
Vatn og is og snjo,
strand og fjell og skog;
det er nok ein kan få freista på.
Ski og skeiser, båt og hjul
det er så gildt å bruka.
Største kunsta lell
på eigne bein å stå.
Øva, øva jamt og trutt
og idugt, det er tingen.
Alltid betre! Om og om
og om igjen.
Fødd som meister, fødd som kjempe,
nei det vart då ingen.
Mot og styrke vinn ein
litt og litt om senn.
Tak no hugsamt på!
Aldri fuska då!
Born av Noreg er det heile lag.
Vi skal læra, vi skal øva,
vi skal styrke vinna,
styrke som kan halda ut
ein alvorsdag.
Nei, gifta deg jenta – da raor eg deg ifrao,
byssan lullan, lullan, lullan, lullan lei.
Kjeme da eit mannabein – du bite ikkje pao,
byssan lullan, lullan lei.
Somme e lure og slue og rao’,
andre ubjaodeleg vanskjeleg føstao.
Somme e bein so ein hesjastaur å sjao,
andre e ronde og kan ofta tridla tao.
Somme ve berre onde fedlen deg fao,
andre e nett so ein jokle taka pao.
Somme mao bala fø te fao da te å gao,
andre trøng ein berre kitla lite vetta pao.
So gifta deg, jenta – da raor eg deg ifrao,
byssan lullan, lullan, lullan, lullan lei.
Da vette ikkje anna enn naue å fao,
byssan lullan, lullan lei.
Sa ’o!
Millom Bakkar og Berg ut med Havet
heve Nordmannen fenget sin Heim,
der han sjølv heve Tufterna gravet
og sett sjølv sine Hus uppaa deim.
Han saag ut paa dei steinutte Strender;
det var ingen, som der hadde bygt.
«Lat oss rydja og byggja oss Grender,
og so eiga me Rudningen trygt.»
Han saag ut paa det baarutte Havet;
der var ruskutt aa leggja ut paa;
men der leikade Fisk ned i Kavet
og den Leiken den vilde han sjaa.
Fram paa Vetteren stundom han tenkte:
Giv eg var i eit varmare Land!
Men naar Vaarsol i Bakkarne blenkte,
fekk han Hug til si heimlege Strand.
Og naar Liderna grønka som Hagar,
naar det laver av Blomar paa Straa,
og naar Næter er ljosa som Dagar,
kann han ingenstad vænare sjaa.
Sud um Havet han stundom laut skrida.
Der var Rikdom paa Benkjer og Bord;
men i kring saag han Trældomen kvida,
og so vende han atter mot Nord.
Naar han kom paa dei rikaste Leider,
saag han tidt at han litet var kjend;
men han visste ein Vyrdnad og Heider,
som kann bu I den armaste Grend
Lat no andre um Storleiken kivast,
lat deim bragla med Rikdom og Høgd.
Millom Kaksar eg litet kann trivast,
millom Jamningar helst er eg nøgd.
«Lat deim hava den Æra dei kunna,
og sin Rikdom og Styrkje dertil,
naar som berre dei meg vilja unna
aa faa raada min Arv som eg vil.»
Dei vil alltid klaga og kyta
at me ganga so seint og so smått:
men eg tenkjer dei tarv ikkje syta:
me skal koma, um inkje so brådt.
Ja, det skyt ikkje fram so det dunar,
som no ingen kann undrast uppå;
men det munar då jamt, ja, det munar,
so det stundom er hugnad å sjå.
Lat det ganga fram. Lat det siga!
Berre eitt eg ynskjer og bed:
At me ikkje so høgt måtte stiga
At me gløyma vår fedrane-sed.
Lat oss ikkje forfedrane gløyma
under alt som me venda og snu;
for dei gav oss ein arv til å gøyma,
han er større enn mange vil tru.
Lat det merkast i meir enn i ordi
At me halda den arven i stand,
At når fedrane sjå att på jordi,
Dei kann kjenna sitt folk og sitt land.
Eg heiter Ola Tveiten
og eg er ein arbeidsmann,
eg eig ein traktor og meg sjøl
og gjer so godt eg kan,
og bjørnen ligg i sitt vinterhi,
men det gjer ikkje eg
for i heile vinter har eg vore med og rydda veg.
Vegen blei fin og brei og slett -
– Sudelida, sudelidei!
Den finaste eg har sett
– Sudelida, sudelidei!
Nei, det var ingen krøttersti,
om ikkje han ligg der til evig tid,
så skal eg eta opp lua mi.
– Sudelida, sudelidei!
Tra la lalala la.
fyll opp mitt tomme krus!
Og eg har vel lempa pukkstein
og eg har vel lempa grus!
Og eg har vel lengta heim ein gong
til kjerring og til hus.
Og eg har vel budd på brakke
i vekesvis i strekk.
Og eg har vel banna om kvelden
og ønska meg ti mil vekk.
Og dagen var lang og han var svart.
– Sudelida, sudelidei!
Arbeidet var tungt og hardt.
– Sudelida, sudelidei!
Spør du meg skal du få svar
at det var arbeid for ein kar
ifrå oktober til januar
– Sudelida, sudelidei!
Tra la lalala la,
fyll opp mitt tomme krus!
Og snart skal vegen opnast
med mange store ord,
så får vi sjå ein kakse som kan
klippe av ei snor.
Og narren står og smiler -
vi har sett det så ofte før -
og held sin takketale
for den stolte kontraktør.
Så ropar dei alle høgt hurra!
– Sudelida, sudelidei!
Og får bilete sitt i bla.
– Sudelida, sudelidei!
Men du finn nok ikkje oss
blant alle dei fine folk i floss
nei, du kan be dei dra til Moss!
– Sudelida, sudelidei!
Tra la lalala la.
Fyll opp mitt tomme krus!
Og når du sit i bilen din
ein skinnande sommardag,
så send ein vennleg tanke
til eit trufast arbeidslag,
som har jobba seg frametter vegen fleirfaldige
tunge mil
forat du skal få trå på ein gasspedal
og kjøre kvarhelst du vil.
Mens vi rydda vegen bit for bit
– Sudelida, sudelidei!
Kvar meter har kosta slit
– Sudelida, sudelidei!
Men vegen skal du ha.
Om ikkje du tykkjer han er bra;
lukt til helvete kan du dra!
– Sudelida, sudelidei!
Tra la lalala la,
fyll opp mitt tomme krus!
Vilja de høyra kvedet mitt,
og vilja de ordi tru,
om han Olav Trygvason
skal songen her seg snu.
Omkved:
Dansen glymer i halli
so dansa me då i ring!
Glade rida Noregs menn
til Hildarting.
Kongen lét seg ei snekkje byggja
bort på den slette sand;
Ormen den lange, det største skipet
som bygdest i Noregs land.
Omkved
Skipet det bygdest i Noregs land,
ut av dei beste emnom:
sytti alner og fire til
var kjølen imellom stemnom.
Omkved
Forgylte so våro dei stemnane båe,
bordi dei våro blå,
forgylte skjolden i toppen blenkte,
so seier soga i frå.
Omkved
Kongen uti høgsætet sit,
han talar til sine drenger:
«No skal me sigla den salte sjo,
det heve eg tenkt so lenge.
Omkved
Bere no då dei herklædi fram,
med brynjor og blanke sverdi,
so leggja me sidan frå landet ut,
so gjeva me oss på ferdi.»
Omkved
Modige mælte dei sveinane då;
«Herre, me skal deg fylgja,
anten du fer i strid eller fred,
me ottast ‘kje svarte bylgja!»
Omkved
Frå berget ein gut med boge i hand
steig ned, so raust å sjå:
«Jarlen utav Ringerike,
so skal eg helsa i frå.»
Omkved
Kongen då til orde tok,-
fagnad i augo skein:
«No skal du segja meg namnet ditt,
du unge fræge svein!»
Omkved
«Einar so skal du nemna meg,
vel kan eg bogen spenna,
Tamb so heiter min glupe boge,
han fær vel pili til renna!»
Omkved
«Høyr du det, du unge mann, -
vil du med meg fara,
so skal du vera min pilesvein,-
Ormen til å forsvara.»
Omkved
Ganga dei so til strandi ned,-
spræke karar og rauste.
Lunnane brosto og jarni skolv
då skipet dei drog or nauste.
Omkved
Vundo dei opp sine silkesegl,
ut i havet å ganga
so er sagt, at kongen sjølv
han styrde «Ormen den lange».
Omkved
Dette frettest vide om land,
at Noregs menn dei siglde;
Danmarks konge og Sveriks konge
råder saman i hildo.
Omkved
Danekongen og Sveakongen
la opp løynde råd
koss dei skulle Noregs Konge
snøgt or vegen få.
Omkved
Sende dei bod til Eirik jarlen,
fagraste mann å nemna:
«Han skal fylgja på ferdi med –
fader sin å hemna.»
Omkved
Eirik stig for kongen fram
med brynje og skjoldet raude:
«Olav, konge av Noregs land,
han valde min faders daude.»
Omkved
Jarlen stend på hallargolv,
med blanke spjot i hende:
«Olav, kongen røyne skal
eg kvast mot kvast kan venda.»
Omkved
Olav stende på breiom bunke,
talar han til sine menn:
«Kven eige alle desse skipi.
Eg kjenner dei ikkje enn.»
Omkved
Til svara Torkjell, kongens broder,
med so stor ei trå:
«Danekongen og sveakongen
vilja din daude sjå.»
Omkved
«Redde ero danske menn
mot norske menn å ganga,
betre var deim heime sitja
fugleflokken å fanga.
Omkved
Betre kunne svenske menn
si offerbollar strjuka,
enn å koma oss so nær at
blodug sverd skal rjuka.»
Omkved
Einar spende tambarbogen,
pili strengen strengde,
pili flaug over jarlens hovud
og rorknappen sunde sprengde.
Omkved
Einar spende andre gongen,
ætla han jarlen råka
pili flaug mellom arm og side,
det bila `kje jarlen noko.
Omkved
Einar spende tredje gongen,
ætla han jarlen råka,
då brast streng av stålet stinne,
det tok til i bogen braka.
Omkved
Alle høyrde strengen springa,
kongen han seg undra:
«Kva er det på skipet mitt
som so ovleg dundrar?»
Omkved
Til svara Einar Tambarskjelve
– kastar han bogen sin
«No brast Noreg or dine hender,
herre kongen min!»
Omkved
«I Herrens hand mitt rike stend
og ikkje i Tambarbogen,
tak du ein av mine bogar,
og kjenn koss dei mun duga»
Omkved
«For veik, for veik, er kongens boge!»
Tambarskjelve svarar,
«Eg skal bruka skjold og sverd,
eg skal ikkje hoggi spara.»
Omkved
Kongen ropar frå lyftingi:
«no ser eg kje bergingsråd
spring i havet, mine menn,
lukka hev vendt seg i frå.»
Omkved
Kongen sprang i havet ut,
drengjene etter fylgde,
kongens bror den siste var,
dei gjorde som kongen vilde.
Omkved
Eirik fekk då Ormen den lange,
ingen annan kunne,
tok han roret sjølv i hand
og styrde honom frå sundet.
Omkved
Viljið tær hoyra kvæði mítt,
viljið tær orðum trúgva,
um hann Ólav Tryggvason,
hagar skal ríman snúgva.
Glymur dansur í høll,
dans sláið (í) ring!
Glaðir ríða Noregsmenn
til Hildar ting.
Kongurin letur snekkju smíða
har á sløttum sandi;
Ormurin langi størstur var,
sum gjørdist á Noregs landi.
Knørrur var bygdur á Noregs landi,
gott var í honum evni:
sjúti alin og fýra til
var kjølurin millum stevna.
Forgyltir vóru báðir stavnar,
borðini vóru blá,
forgyltan skjøld í toppi hevði,
sum søgur ganga frá.
Kongurin situr á hásæti,
talar við sínar dreingir:
”Vit skulu sigla tann salta sjógv,
tað havi eg hugsað so leingi.”
Berið nú fram tey herklæðir
við brynjum og blonkum brandi,
síðani leggið frá landi út,
og siglið frá Noregs landi!”
Fróir og glaðir sveinar mæltu:
”Harri, vit skulu tær fylgja,
um enn tú fert í frið ella stríð,
vit óttast ei brattar bylgjur.”
Har kom maður á bergið oman
við sterkum boga í hendi:
”Jallurin av Ringaríki
hann meg higar sendi.”
Kongurin so til orða tekur
bæði við gleði og gamni:
”Sig mær satt, tú ungi maður,
hvat ert tú nevndur at navni?”
”Einar skalt tú nevna meg,
væl kann boga spenna;
Tambar eitur mín menskur bogi,
ørvar drívur at renna.”
”Hoyr tú tað, tú ungi maður,
vilt tú við mær fara,
tú skalt vera mín ørvargarpur
Ormin at forsvara.”
Gingu teir til strandar oman,
ríkir menn og restir,
lunnar brustu og jørðin skalv:
teir drógu knørr úr nesti.
Vundu upp síni silkisegl,
út í havi ganga:
so er sagt, at kongurin
hann stýrdi Orminum langa.
Hetta frættist víða um land,
at Noregs menn teir sigldu;
Dannimarks kongur og Svøríkis kongur
ráðini saman hildu.
Dannimarks kongur og Svøríkis kongur
ganga saman í ráð,
hvussu teir skuldu Noregs kong
skjótt av døgum fáa.
Senda boð til Eirik jall
vænur er borin til evna:
”Hann skal fylgja í ferðini við,
sín faðirs deyð at hevna.
Eirikur gongur for kongar inn
við brynju og reyðum skjoldi:
”Ólavur kongur av Noregi
mín faðirs deyða voldi.”
Jallurin stendur á hallargólvi,
blankt bar spjót í hendi:
”Ólavur kongur síggja skal,
eg hvast mót hvøssum vendi.”
Gingu teir til strandar oman
— fagurt var tað lið —
Dannimarks kongur og Svøríkis kongur
og Eirikur jall tann triði.
Tríggir gingu skipaflotar
út av Oyrasundi,
Jarnbardur í odda sigldi,
jallurin stýra kundi.
Dannimarks kongur til orða tekur,
letur so orðini greiða:
”Hann, ið Ormin langa tekur,
skal hann við ognum eiga.”
Eirikur hugsar við sjálvur sær:
”Tó at tú manst tað royna,
tú vinnur ikki Ormin langa
við danskari makt aleina.”
Mælti tað Svøríkis kongurin,
hann helt á brýndum knívi:
”Eg skal Ormin langa taka,
um enn tað kostar lívið.”
Erikur stendur á breiðum bunka,
klæddur í skarlak reyða:
”Tú tekur ikki Ormin langa,
fyrr síggi eg tín deyða.”
Eirikur talar til sínar menn:
”Kempum munnu tit møta;
standið væl og manniliga,
tí blóðug verður gøta.
Noregs menn á kongins knørri
kunnu væl beita kvívi;
gangið væl fram í hørðum stríði,
ella vit lata lívið!”
Eirikur talar til Finn hin lítla:
”Tú skalt hjá mær standa;
tú skalt verja sjálvan meg,
um enn eg komi í vanda.”
Løgdu teir á sundið út,
bíðaðu teir har leingi,
longdust eftir norskum knørrum,
at berjast mót Noregs kongi.
Løgdu teir á sundið út,
ætlaðu sær at vinna,
hildu vakt bæði nátt og dag,
norðmenn vildu teir finna.
Nú skal lætta ljóði av,
eg kvøði ei longur á sinni;
nú skal taka upp annan tátt;
dreingir, leggið í minni!
Ólavur siglir í Eysturhavi,
ætlar heim at fara;
tá ið hann kom í sundið fram,
hann sær ein skipaskara.
Høvdingar tríggir á landi standa,
hyggja út so víða,
sunnan síggja teir knørrin prúða
eftir havi skríða.
Dannimarks kongur til orða tekur:
”Alt mær væl skal ganga;
Krist signi míni eygu tvey,
nú síggi eg Ormin langa.”
Erikur stóð har skamt ífrá,
talar til sínar menn:
”Kongurin av Danimark
hann sær ikki Ormin enn.”
Har kom fram ein størri knørrur,
dreingir undraðust á,
Svøríkis kongur til jallin talar:
”Nú man eg Ormin sjá.
Leggið nú skip frá landi út,
árar í hendur taka,
latið ei Ólav sleppa so,
fáan hann heldur sín maka!”
Eirikur hyggur í havið út,
talar til sínar menn:
”Tað svørji eg við sannan Gud,
teir síggja ei Ormin enn.”
Dannimarks kongur og Svøríkis kongur
halda á skefti reyða:
”Eirikur jallur ræddur er
at hevna sín faðirs deyða!”
Vreiður var tá jallurin,
hann mælir av illum sinni:
”Annað skal eg enn orðabrask
Noregs menn at vinna.”
Eirikur stendur á grønum vølli,
tekur nú til ganga:
”Verið nú snarir á skipabunka,
nú síggi eg Ormin langa!”
Allir sóðu tá Ormin koma,
allir undrast á hann,
av silki vóru seglini,
og stevnið í gulli rann.
Løgdu teir seg vegin fram
bæði við svørðum og spjóti,
norðmenn sóu á Orminum,
teir ivast at halda ímóti.
Ólavur talar til sínar menn:
”Dýrt skulu teir meg keypa,
ongan tíð tá ræddist eg stríð,
í dag skal eg ikki leypa.”
”Leggið nú skip í stríðið fram,
segl á bunka strúka,
tað skal síggjast, at Noregs menn
teir kunna væl svørðini brúka.”
Úlvur reyði í stavni stendur,
gott var í honum evni:
”Leggið ei Ormin longri fram,
sum hann hevur longri stevni.”
Kongurin stendur á lyfting aftur,
í skarlak var hann klæddur:
”Nú síggi eg, mín stavnamaður
er bæði reyður og ræddur.”
”Kongur, tú sást meg aldri so ræddan,
eg tordi væl á at herja,
goym tú lyfting so væl í dag,
sum eg skal stavnin verja.”
Vreiður var tá kongurin,
Úlvur til orða tekur:
”Blíðka teg aftur, harri mín,
tí vreiði upp angur vekur!”
Ólavur stendur á bunkanum,
talar til sínar menn:
”Hvør eigur hesi nógvu skip?
Eg kenni tey ikki enn?”
Svaraði Torkil, kongins bróðir,
mælir av tungum inna:
”Dannimarks kongur og Svøríkis kongur
vilja tín deyða vinna.”
”Ræddir eru danskir menn
mót norðmonnum at ganga,
betri var teimum heima at sitið
tann fuglaflokk at fanga.
Betur kunnu svenskir menn
teir offurbollar strúka
enn at nærkast okkum so,
at blóðugt svørð skal rúka!”
Ólavur gekk lyfting upp,
ræður hann upp at hyggja:
”Hvør eigur hasi stóru skip,
við Ormsins bagborð liggja?”
Svaraði Herningur, kongins svágur,
letur so orðini falla:
”Tey eigur Eirikur Hákunsson,
hann ber ein yvir allar.”
Tí svaraði Ólavur kongur,
frá man frættast víða:
”Skarpur verður Hildar leikur,
tá norðmenn mót norskum stríða.”
Svøríkis kongur mót Ólavi legði
eina morguntíð,
tað var sum í bál at líta,
skeiðir dundu í.
Høgdu og stungu Noregs menn
bæði við svørði og spjóti,
títt so fullu teir svensku menn,
sum grasið fýkur av gróti.
Svøríkis kongur rópar hátt,
biður teir undan flýggja:
”Eg havi mist mítt mesta fólk,
tað voldi mær sorg at síggja.”
Dannimarks kongur troðkaði fram,
ætlaði sær at vinna,
norðmenn tóku mót honum fast,
teir donsku menn at tynna.
Roykur stóð til skýggja upp,
reytt var sund at síggja,
so var sagt, at danskir menn
teir máttu undan flýggja.
Eirikur leggur mót Ormi fram
við bjørtum brandi í hendi:
”Ikki skal Ólavur rósa av,
at eg snart frá honum vendi.”
Løgdu teir knørr við knarrar borð,
hvørgin vildi flýggja;
høvur og kroppar í havið tumla,
øðiligt var at síggja.
Einar stendur í kapparúmi
við Tambarboga, teir kalla,
hvørja ferð pílur at boga dreiv,
tá mátti ein maður falla.
Einar spenti Tamabrboga,
pílurin steingin strongdi,
pílur fleyg yvir jalsins høvur,
róðurknappin sprongdi.
Einar spenti á øðrum sinni,
ætlaði jall at fella,
pílur fleyg millum arms og síðu,
einki var jalli at bella.
Eirikur talar til Finn hin lítla:
”Eg vil spyrja teg nakað,
hvør er hann, við skørpum skotum
ætlaði meg at raka?”
Til tað svaraði Finnur hin lítli
— blóðugar vóru hendur —
”Tað er hasin stóri maður,
í kapparúmi stendur.”
Jallurin mælir á øðrum sinni:
”Tað vil eg tær ráða,
skjót tú handa stóra mann,
nú stendur mítt lív í váða.”
”Manninum kann eg einki gera,
tí hann er ikki feigur,
bogastreingin stilli eg á,
tí maðurin eydnu eigur.”
Einar spenti á triðja sinni,
ætlaði jall at raka,
tá brast strongur av stáli stinna,
í boganum tók at braka.
Allir hoyrdi streingin springa,
kongurin seg forundrar:
”Hvat er tað í mínum skipi,
so ógvuliga dundrar?”
Svaraði Einar Tambarskelvir
— kastar boga sín:
”Nú brast Noreg úr tínum hondum,
kongurin, harri mín!”
”Í Harrans hond mítt ríki stendur
og ikki í Tambarboga,
tak tær ein av mínum bogum,
vita, hvat teir duga!”
”Veikir eru kongins bogar!”
Einar ræður at svara,
”eg skal taka upp skjøld og svørð,
høgg skal eg ikki spara.”
Enn stóð fólk í báðum stavnum,
men eg rætt um minnast,
syrgiligt var á miðjum skipi,
tí har tók fólk at tynnast.
Eirikur sprakk á Ormin upp,
væl bar brand í hendi,
Herningur leyp úr lyfting niður,
aftur ímót honum vendi.
Bardust teir á miðjum skipi,
vil eg frá tí greiða,
øvugur mátti jallurin leypa
aftur á Jarnbard breiða.
Jallurin valdi sær reystar garpar,
fáir finnast slíkir,
snarliga aftur á Ormin sprakk,
tá mátti Herningur víkja.
Úlvur reyði úr stavni loypur,
nú er stavnur eyður,
so fleyt blóð á Orminum,
at knørrurin sýndist reyður.
Hart stóð stríð á miðjum skipi,
svørð mót skjøldum gella,
Úlvur og Einar, frægar kempur,
Eiriks garpar fella.
Eirikur var á øðrum sinni
aftur á bunka rikin,
tá sá hann, at stavnurin
á Orminum var tikin.
Jallurin mannar seg triðju ferð:
”nú skal ikki dvína,”
tá fell Úlvur og Herningur
við øllum dreingjum sínum.
Kongurin rópar í lyftingi:
”Nú er tap í hendi;
leypið í havið, mínir menn,
her verður ei góður endi!”
Kongurin leyp í havið út,
garpar eftir fylgdu,
kongins bróðir síðstur var,
teir gjørdu, sum kongurin vildi.
Eirikur fekk tá Ormin langa,
eingin annar kundi,
tók hann sjálvur róður í hond
og stýrdi honum frá sundi.
Småsporven gjeng i tunet og tippar korn og ribbar strå,
og hev so god ei une og lær åt katten grå.
Pip, pip det so seg lagar, alle dagar,
at Monsemann meg jagar,
men kann meg aldri få.
Eg er so lett på vengen, og Mons må sleikje seg um trut:
kvitt, kvitt, den gamle drengen, han fekk so mang ei sut.
Og um i vide ringar hauken svingar,
eg burt meg kverv og kringar
og slepp av leiken ut.
Eg liver dagar lette og er fornøgd, å ja, og ja!
Kvar dag eg fær mi mette, som eg det best vil ha.
Pytt, pytt, kven spyrr om føda! Nok i løda!
Der ligg den rike grøda:
der kann eg berre ta!
Og tidt eg fær i joli ein godbit fin av Veslemøy:
og frys det hev eg skjol i det gode, varme høy.
Og so – kvitt, kvitt, go’mår’n! So kjem våren:
So kjem våren! då fri på vengen borin
eg byggjer reir på øy.
Ja, låna du meg no eit øyra eller to,
så ska du få eit hove og ein liter blo,
og noken vers tå denna smalaviso mi
om sauasanking og om ull og slakteri.
Saudi du di lam dam,
saudi du di lam,
saudi du di lam dam,
saudi du di lam.
Sjå sankarane fer og spring i fjedl og fidn,
me kikkert i ei reim og nysmidd bjørkepipn,
og gaula da dei kann og badna adle mann,
at no ha bjødn fengje sauablo på tann!
Omkvede.
Fø bjødlesauen e da ingjen so kann sjå:
da spørst om han i sommar togg sitt sista strå.
Og storeværen står og grev oppi ei to
og leve på diett tå stein og tidle snjo.
Omkvede.
Men heimat kjem dei då me kver sin sauaflokk
og våte sko og kle og dubbelsidig brokk.
Og somme ha funne ein, og summe ha funnealt,
og ein ha funne fleir, og hine ha ’kje talt.
Omkvede.
Men sauena tykkje vel at da e mager takk
å verta kledde tå og lagde på ein krakk,
og malne opp til korv og kokte bort i kål
og røykte øve glo og svidde på eit bål.
Omkvede.
Men saue må me ha, da e ’kje snakk om da.
Da e ’kje rett me maten ifrå andre ta!
Oljo kann ve bra, so lengje so ho redn:
Gull og gråe skoga vert da når ho bredn.
Men sauena et gras og para seg –
i lengdæ e da da so svara seg.
Omkvede.
Bæ.
Og Håkon var oppi Gauldal
på gjestebod eit sted.
I Ladejarlen sitt fylgje
var træleflokken med.
Hei-hå, hei-hå, hei-hå, hei-hå du Tormod Kark.
Vår lagnad den vert lik.
For vi to vart fødd i same natt og saman skal vi døy.
Ein træl vert ikkje fri
om han drep sin jarl for å tene ein annan mann.
For stormenn er like feig og falsk og umoralsk,
så svik du meg, så svik vel kongen deg.
Men bøndene vart arg
og hærpil blei sendt ut,
så Kark og Håkon gøymde seg
for kvar ein bondegut.
Omkvede.
Og trælen grov eit høl
med tømmer ovanpå
så Kark og jarlen saman
under grisebingen lå.
Omkvede.
Og Kark tok fram ein kniv
i dunkle, djupe grav.
Der drap han Håkon jarl
og kutta jarlehodet av.
Omkvede.
På Lade vart det fest
då Kark med hodet kom,
for der satt Olav Tryggvason
så kristeleg og from.
Omkvede.
Og trælen fekk si løn
ei løn frå ein monark,
for kongesverdet kvein så kvasst
at hodelaus vart Kark.
Omkvede.
Kong Olav med sin hird
til Nidarholmen dro,
og hodene vart sett på stong
og steina båe to.
Hei-hå, hei-hå, hei-hå, hei-hå du Tormod Kark.
Vår lagnad den vert lik.
For vi to vart fødd i same natt og saman skal vi døy.
Ein træl vert ikkje fri
om han drep sin jarl for å tene ein annan mann.
For stormenn er like feig og falsk og umoralsk,
så svik du meg, så svik vel kongen deg.
I året tretten åttini fekk Margaret av Danmark
all makt i dei nordiske land.
Og Noreg vart trælka og gjort mest til inkjes
i den storstaten ho fekk i stand
Og dei knota og dei danska og dei øydela
språket,
og det gjorde dei i fleire hundre år.
Men historia sin visar kan nok ingen vri attende:
– etter vinter kjem stendig ein vår.
Og våren han kom for det norske folkemålet,
då han Ivar la ut på si ferd.
Og han forska og han granska dei norske dialektane,
og fann at dei var ganske mykje verd.
Dei har røter attende til det gamle norrøne,
som var språket i Norden ein gong.
Men når danskane tyskar og så nordmenner
danskar,
vert det heile ein sørgjeleg song.
Og så sigra vi då, trudde vi, for parlamentarismen
gav oss rettar og lovreglar, men
desse parlamentariske reglane vart brotne
av dei rike og mektige menn.
Omkvedet.
Trass mykje sabotasje gjekk mange skolekrinsar bort
og valde seg eit norskare språk,
og landsmålet blømde og nynorsken sigra stort,
vart innført i strok etter strok.
Så kom den andre verdskrigen si redsle til landet,
ingen tenkte på språk og kultur.
Og når nynorskfolket ikkje står vakt ikring målet,
ja, då veit vi at utviklinga snur.
Politisk reaksjon vart til foreldreaksjon,
og nynorskfolket var ikkje på vakt.
Riksmålsfolket fór kring i landet med grov propaganda,
mange trudde på det som vart sagt.
Omkvedet.
Motet stod lågt i dei organisasjonane
vi hadde til vern for vårt mål.
Dei gløymde sitt opphav og vart filologiske,
og målsak, det vart i-målsgnål.
Men sist nittenseksti-åra fekk vi ein snunad:
vi vann att til vårt opphav og vår tru.
Og igjen kom det ungdom til rørsla, dei svor og sa
at utviklinga skal vi snu.
I nittensyttiein sa tretti tusen elevar,
at no går vi til streik på våre krav.
Så marsjerte dei i gatene og sa kva dei meinte
om dei smular som staten oss gav.
Dei kan knota og danska og øydeleggja språket,
dei kan freista det i enno mange år.
Men då må dei òg bu seg til strid imot oss som vil
stå vakt om ein fridom som er vår!
Hu hei! Kor er det vel friskt og lett
uppå fjellet, uppå fjellet!
Her humpar bussen så gjørma skvett
alle stelle over fjellet.
Frå Gjendeosen til vest i Sogn,
det tek ein times tid med folkevogn
over fjellet, over fjellet.
Her legg dei vegane tett i tett.
Kor det smell’e! Å det skrell’e!
Det er eit eventyr rett og slett:
Elle melle! Vekk med fjellet!
Bør Børson røskar i gras og lyng,
og bunadkledde små budeier syng:
What a feller! What a feller!
Sjå ljosreklamen på Semmelfjell.
På eit stelle høgt i helle
der ligg the high-class Pier Gint Hotel,
der dei spelle heile kveldet.
”Kom upp, kom upp frå den tronge dal.”
Øss ha ein drusteleg dansesal
på hotellet oppi fjellet.
Frå dalen stryk både fark og fut
opp i fjellet, opp i fjellet,
og spring som piccolo og grindagut
for hotellet oppi fjellet.
I resepsjonen sit Børson sjølv
og sel prospektkort av den siste døl
oppi fjellet, oppi fjellet.
Her er det slutt på det gamle grå
seterstellet oppi fjellet.
Her får du cottage cheese og schnitzel og
frikadelle à la Telle.
Og blir du tyrst drikk du fransk martel,
for vatnet går inn i ein krafttunnell
gjennom fjellet, gjennom fjellet.
Kom opp og sjå på Anitras dans
av ei elle-vill mamselle
med nylonslør og med blomekrans.
For ei kjelle!
Ah qu’elle est belle!
Og når ho kastar det siste plagg
i jive and Jotunheimen jitterbug,
dægger’n smelle, for ei snelle!
Og når så soli til kvile gjeng
attum fjellet, attum fjellet,
då sig du djupt i di mjuke seng
på hotellet oppi fjellet,
og køyrer neste dag frisk og fin
i søte angar av ein dyr bensin
heim frå fjellet, heim frå fjellet.
Til lags åt alle kann ingen gjera,
det er no gamalt og vil so vera.
Eg tykkjer stødt, at det høver best
å hjelpa den, som det trenger mest.
Og kor du bryggjar, og kor du bakar,
d’er alltid ein som det ikkje smakar:
og når den eine då gjerer rop,
so ropar sidan den heile hop
D’er mange nog som vil domar vera,
og læ åt alt som dei andre gjera,
og lyte finna dei rundt i kring,
og sjølve gjera dei ingen ting.
Um talen høyra me rødor manga,
og etter storleiken skal det ganga:
er folket stort, so er talen trygg;
er folket smått, so er talen stygg.
Og ymse folk er no altfor rædde,
at dei er havde til spott og hædde.
Dei skulde taka det helder lett,
det kjem vel upp kven som hadde rett.
Her spyrst no minst um kvat mange lika,
mot rett og sanning må allting vika.
Det gjelder litet um tungt og lett,
det gjelder beinast um rangt og rett.
Det er ein ting, som oss tidt må undra,
at stort og smått skal seg alltid sundra,
at alt det store skal vyrdnad få,
so ingi æra når til det små
Det var vel lett, når ein slapp å grava,
når utan stræv ein fekk æra hava,
når den fekk prisen, som kravde mest
og berre kallad’ seg alltid best.
Det trur no mange den gamle læra,
at tyngste verket er største æra.
Det trur no mange, det folk er best,
som krever minst og som strævar mest.