Studentsamling og SmiB 80 år

  1. oktober har Studentmållaget i Bergen 80-årsjubileum. I dette høvet skipar me til studentsamling i Bergen med kjekke innleiingar, aktivitetar og glorifisering av verdas vakraste by Bergen 23.-25. oktober. Me vonar så mange studentar som mogleg ønskjer å feire denne høgtidlege hendinga med oss Er du over 18, og i NMU, kan du vere med sjølv om du ikkje studerer. Deltaking og reise blir dekt!

Det er mogleg å melde seg på allereie no!

Påmeldingsfrist er 11. september.

Påmeldingsskjema: https://forms.gle/KWMrakrwFDu2FsfG6

Det kjem meir informasjon om program snart!